mer info om Sunnhordland:


 
Sunnhordland
Kort introduksjon
Sunnhordland er regionen for kontrastar og variasjonar - og når det gjeld sykkeltilbod. Skjergard den eine dagen - fjord og fjell den andre. Her er det naturen som tek pusten frå deg! I Sunnhordland kan me anbefala dei to rutene; FJORD- OG FJELLTUREN og SKJERGARDSTUREN. I tillegg har me tilkoblingsruter mellom dei to.
Start/mål:
Fjord- og fjellturen er ein rundtur med utgangspunkt Rosendal. Rosendal kan lett nås med Hardangerfjordekspressen frå Bergen som bruker i underkant av 2 timer og har avganger kvar dag.
Skjergardsturen har start på Mosterhamn eller Rubbestadneset på Bømlo. Slutt er på Hufthamar/Austevoll. Hurtigbåt går til desse stadene (www.tide.no). Det er og mogleg å sykle tilbake til Bergen eller Haugesund.
Lengde:
Fjord- og fjellturen er 77 km (Rosendal - Matre - Skånevik - Sunde - Rosendal.
Skjergardsturen er 138 km (Mosterhamn/Rubbestadneset - Brandasund - Leirvik - Fitjar - Bekkjarvik - Hufthamar)
Strekning:
Fjord- og fjellturen vekslar mellom 2 fergeturar, syklings langs fjorden og over fjell-og skogspartier. Noko stigning over fjellet til Matre. Liten biltrafikk langs asfaltert veg.
Skjergardsturen har 1 fergetur. Går i variert kystlandskap. Liten biltrafikk langs asfaltert veg.
Familievenleg:
Begge rutene er lettsykla. Passer ikkje for mindre barn på eigen sykkel.
Skilting:
Rutene er ikkje skilta med sykkelskilt.
Sykkelutleige:
Rosendal Sport, tlf. +47 53 48 11 05
Skånevik Fjordhotell, tlf.+47 53 77 07 00
Fugl Fønix Hotell Etne, tlf. +47 53 77 14 40
Intersport Bekkjarvik, tlf. +47 56 18 08 56
Intersport Bremnes/Svortland, tlf. +47 53 42 12 80
Langevåg Bygdatun, tlf. +47 53 42 18 75/ 99 42 81 82
Varehuset Larsen i Fitjar, tlf. +47 53 45 75 00
Mandelhuset i Våge på Tysnes, tlf. +47 53 45 75 00
Informasjon:
Folgefonn Informasjonssenter, Rosendal
Tlf: 53 48 42 80 turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Bømlo Turistkontor, Rådhuset, Bremnes/Svortland, tlf. 53 42 30 27
Samarbeidsrådet for Sunnhordland, tlf. 53 45 67 90
www.visitsunnhordland.no firmapost@samarbeidsraadet-sunnhordland.no