mer info om Sunnhordland:


 
Sunnhordland
Rutebeskrivelse med kart
Sunnhordland er eit mangfaldig område å sykle i. Frå tusen øyar i havgapet til Folgefonna som krona på verket lengst mot øst. Fjell- og fjordturen som er lagt opp som en rundtur fra Rosendal kan og startes andre steder. Hardangerfjordekspressen som fra 2007 går i rute mellom Bergen - Flesland - Os- Rosendal gjør det enkelt å nå Rosendal på under 2 timer.
FJORD- OG FJELLTUREN - Rosendal - Skånevik 26 km:
Dagens sykkeletappe er på 26,5 km. Sykkelutleie hos Rosendal Sport. Sykkelturen over til Skånevik er ei flott etappe gjennom jordbruksbygda Omvikdalen. Omlag 3,5 km frå Rosendal kjem ein til Statoil i Omvikdalen. Dette er siste moglegheit for å proviantere før turen over fjellet til Matre. Over fjellet er det prakfull utsikt til Hardangerfjorden. Frå sykkelsete kan du oppleva den dramatiske naturen langs Matrefjorden fram til ferja som tek deg over til Skånevik.
I bluesbygda Skånevik kan du gå på galleri, motormuseum, ta ein båttur på fjorden eller slappe av på hotellet.
Skånevik - Husnes - Rosendal 50 km:
Dagen startar med ein 20 minutts fergetur frå Skånevik til Utåker. Dagens etappe er på omlag 50 km og byr på flott utsikt og nærkontakt med fjordlandskapet hele vegen. Du syklar gjennom frodige og vakre bygder og kan ta avstikkare til mellom anna vakre Handelandsdalen og ta lunsj på Handeland Gard.
Vidare går ruta forbi Husnes, den største bygda i Kvinnherad kommune. Her er det gode tilhøve for handling.
Ta ein avstikkar til Herøysund - 2 km ned til sjøen. Har vore eit trafikknutepunkt for damp-skipstrafikken til nyåre tid. Her finn du eit husflid/snekkarverkstad på kaien.
I Uskedalen kan du besøkja Bygdatunet Rød og Haugland skulemuseum. Frå Uskedalen til Rosendal er det 15 km. Ei nydeleg badestrand i Uskedalen.
Omlag 2 km før Rosendal kan du og ta ein avstikkar til Guddalstunet (2 km). Eit idyllisk klyngetun som tilbyr overnatting og har kvalitetsmerke Olavsrosa.
Tilbake i Rosendal må du settja av tid til attraksjonane du ikkje rakk før sykkelturen. I heile Sunnhordland er det mange arrangement som går føre heile sommaren. Sjekk www.visitsunnhordland.no.
Om ein ønskjer å sykle over til Stord eller tilbake til Bergen kan dette gjerast over Tysnes. Sykkelturen kan og kombinerast med "Skjergardsturen" som går i øylandskapet Bømlo, Stord/Fitjar, Austevoll. Eller du kan kobla deg på "Nordsjøsykkelløypa".
SKJERGARDSTUREN:
Turen er på 138 km og passer godt å ta over 3-5 dager.
Mosterhamn - Rubbestadneset 25 km:
Om ein kjem til Mosterhamn følg rv 542 nordover, gangsti einskilde strekningar. Ved Stokkajuvet tunnel er det eit godt alternativ utanom. Følg skilting mot Rubbestadneset.
Rubbestadneset – Brandasund – Svortland ca 40 km:
Frå Rubbestadneset til Brandasund er det 22 km. Ruta går 3 km tilbake langs vegen frå Rubbestadneset, deretter tvers over øya til Svortland/Bremnes. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosam å sykle, smal og kupert i enkelte partier. Vegen går over fleire øyer med bruer imellom og det er god sikt utover skjergården. Den idylliske gamle gjestgjevarstaden Brandasund heilt ute i havgapet har butikk og serveringsstad. Retur same vegen til kommunesenteret Svortland/Bremnes. Avstikkar kan takast til Hiskjo – vestnorsk kystlandskap på sitt barskaste og mest sjarmerande.
Svortland – Leirvik 37 km:
Frå Svortland ta sydover mot Mælandsvåg og Sakseid (11 km). Vegen er smal og svingete og ein del kupert, men flott for sykling. Etter Sakseid austover mot Håvik (6 km) og Trekantsambandet. Trekantsambandet har gode sykkelvegar over bruene, og er ein turoppleving i seg sjølv. Ved Heiane næringsområde følg sykkelskilting nr.1 mot Leirvik sentrum.
Leirvik – Fitjar ca 30 km :
Frå Leirvik følg sykkelskilting (nasjonal sykkelveg nr. 1) til Heiane og Fitjar. I Sagvåg kan du ta av til Litlabø og vitja eit tidligare gruvesamfunn for utvinning av svovelkis, no museum. Etter Sagvåg er resten av denne strekninga meir kupert. Ved Storavatnet i Fitjar går ruta på vestsida av vatnet, småkupert og med flott utsikt vestover. I nordenden av vatnet er ein fin badeplass med toalett. Følg sykkelskilting (nr. 1) mot Fitjar/Bergen til Fitjar sentrum.
Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar 31 km:
Frå Fitjar sentrum til ferjeleiet Sandvikvåg er det 7 km. Ferja til Husavik tek 20 minutt. Følg skilting til venstre mot Bekkjarvik. Bekkjarvik er ein idyllisk gamal handelsstad der det er fint å ta seg ein rast – eventuelt overnatte. Frå Bekkjarvik kan du ta ein avstikkar, og sykla over Selbjørn, og over bruene til Stolmen og Kvalvåg.
Nordover til Storebø følg rv. 546 på vestsida av Huftarøy. Kommunesenteret Storebø har servicefunksjonar. Frå Hufthamar kan du ta ein avstikkar til Austevollshella og sykle heilt vest på øya til Store Kalsøy og Kalve. Alternativt avslutte turen og ta hurtigbåten til Bergen eller Stavanger.