|
mer info om Sunnhordland: |
|
|
|
|
|
|
|
| |
|
Sunnhordland
attraksjoner og andre aktiviteter
|
|
|
ATTRAKSJONER
|
 |
FJORD OG FJELLTUREN - Rosendal:
|
|
 |
|
Baroniet Rosendal, Skandinavia sitt minste slott, er det einaste av sitt slag i landet og ein av dei største attraksjonane på vestlandet. Slottet er mellom anna kjend for den storslåtte renesanssehagen. Tlf. 53 48 29 99. Ope 18. mai - 29. juni : 11.00 - 15.00. Omvising kvar heile time. 30. juni - 12. august: 10.00 - 17.00. Omvising kvar halve time. 13. august - 3. september : 11.00 - 15.00. Omvising kvar heile time. | | | |  | | Folgefonna Nasjonalpark: Sommaren 2005 vart den 25. nasjonalparken i Noreg opna. Nasjonalparken dekker eit område på 600 km. I Rosendal er det skipa eit eige nasjonalparksenter som informerar om nasjonalparken. Senteret ligg som ein del av turistinformasjonen på kaia i Rosendal. | | | |  | | Kvinnherad Kyrkje: Ei av dei eldste middelalderkyrkjene i landet. Omvisning. kontakt Baroniet Rosendal. | | | |  | | Steinparken Rosendal: Her er steinblokker bearbeid og samstilt på ein unik måte som syner det geologiske mangfaldet på Folgefonnhalvøya. "Vangssago" eit kulturelt teknisk minnesmerke, ligg og i Steinparken. | | | |  | | Skaalurensamlinga: Museum som syner den verksemda som Skaaluren Skibsbyggeri dreiv i perioden 1855-1955. | | | |  | | Kunstverkstaden Guddalstunet: Utstillingar og sal. Ligg på kaien i Rosendal.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Bakkastova, Dimmelsvik: Ligg på garden Tvedt i Dimmelsvik. Røykstove etter familien Skilbeck. | | | |  | | Tvedt-stova, Dimmelsvik: Forfattaren Jens Tvedt sin heim. I Sunnhordland Folkemuseum sitt eige. | | | |  | | Nistovetunet, Dimmelsvik: Sunnhordlandstun med røykstove frå 1700- talet samanbygd med glastove. Her er det også stabbur og eldhus. I Sunnhordland Folkemuseum sitt eige.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Galleri Jespersen: Utstillingar med maleri, skulptur, og grafikk av Knut Jespersen. Galleriet ligg 500 m austover frå fergjekaien. | | | |  | | Gjestgjevargården: Restaurert trehus frå 1785. Kafè og eit lite bygdemuseum. | | | |  | | Norsk Motormuseum: Dokumentarmuseum for norsk småbåtmotorproduksjon.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Jonas Lie, minnestøtte ved kulturhuset på Husnes. | | | |  | | Onarheim Gård : Korpssjefsgard frå 1790. "Praktisk husmorskule" på 1800 talet. Barndomsheimen til diktaren Jonas Lie. Eigar av garden er i dag Sør-Norge Aluminium AS.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Bygdetunet Rød, Uskedalen : Bygdetunet Rød består av stovehus, stabbur, stall, smie og kvernhus frå 1700 talet. Saman med Dønhaugsamlinga inneheld bygdetunet meir enn 450 gjenstandar. Dagleg omvising om sommaren, elles etter avtale. | | | |  | | Revolverkanon brukt i trefningar mellom tyske og norske styrkar i Uskedalen under den andre verdskrig. Utstilt ved båthamna.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Moster Amfi: Nord-Europas vakraste friluftsscene og utandørs teater. Inne i Moster Amfi ligg utstillinga ”Frå heidendom til kristendom”, ei tanke-vekkjande vandring gjennom den norrøne mytologien, samfunnet i vikingtida og overgangen til kristen tru og livsforståing. I amfikafeen serverar me bl. anna viking-sodd og nysteikte vafler. Tlf. 53 42 66 20 post@mosteramfi.no | | | |  | | Moster gamle kyrkje: Snorre fortel at i år 995 gjorde Olav Trygvason strandhogg på Moster, etter ferda over Nordsjøen frå England, for å bli konge i Noreg. Her feira han messe og grunnla ei kyrkje, og her held Olav den heilage og biskopen hans Mostratinget i 1024.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Sunnhordlandstunet - Leirvik; Hovudtunet til Sunnhordland Museum ligg på Stord, få minuttars spasertur frå Leirvik sentrum. Der er det samla 11 gamle bygningar. Tlf 53 41 38 99. | | | |  | | Gruvemuseet - Litlabø: Gruva var i drift frå 1865 til 1968, og hadde på det meste inntil 400 tilsette. Det er historiske utstillingar i smia, miljøutstillingar i ein arbeidarbustad og større installasjonar i Heishuset. Tlf 53 41 38 99. | | | |  | | Stord Maritime Museum: Utstillingane syner den tekniske og maritime industrisoga for Sunnhordland. Tlf 53 41 38 99. Stord kyrkje: Steinkyrkja ved Frugarden var nemnd allereie i 1350-åra. I 1857 vart Stord kyrkje bygd på tuftene av den eldre steinkyrkja. Kyrkja vart restaurert i 1957. | | | |  | | Fengselet: Fengselet på Stord vart bygd i 1864 og var i drift om lag hundre år. Bygget er no restaurert og vert nytta til restaurant og vinkjellar. Adr.: Jens Hystadvegen 14, 5417 Stord. Tlf. 53 41 77 60. | | | |  | | Galleri Giga: Kunstgalleri med separatutstillingar av sentrale norske kunstnarar. Ny utstilling kvar månad. Meir informasjon kontakt tlf 53 41 10 23 / 930 01 873 post@gallerigiga.no Adr. Osen 4, 5411 Stord. | | | |  | | Storddøra: Ytst på Moloen i innseglinga til Leirvik står skulpturen Storddøra av kunstnaren Sissel Tolaas, reist med god støtte frå det lokale næringslivet. Skulpturen er ein 16 m høg konstruksjon i rustfritt stål og med 20 innebygde propellar som roterer i vinden og blenkjer i sola. Rundt skulpturen er det opparbeidd parkområde, Onarheimsparken. Frå sentrum er det ein fin spasertur ut til Storddøra. | | | |  | | Fitjar kyrkje: Kyrkja ligg vakkert til attmed Håkonarparken, midt i Fitjar sentrum. Fram til 1866 stod her ei steinkyrkje frå 1100 talet. Stein frå den gamle Fitjarkyrkja finn ein att i steingarden rundt kyrkjegarden. Litt av inventaret er óg teke vare på. Omvising etter avtale med kyrkjeverge Harald Johan Sandvik på tlf 53 45 85 24 / 900 52 059 | | | |  | | Håkonarparken: Håkon den gode fall på Fitjar i slaget mot Eiriksønene i år 961. Håkonarparken med statue av Håkon den Gode ligg midt i Fitjar sentrum. Statuen er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen. | | | |  | | Rydlandssago: Ei vassdriven sirkelsag som ligg der rv 545 kryssar Tinnselvo, på grensa mellom kommunane Stord og Fitjar. Saga blei bygd i 1916 og var i drift fram til rundt 1990. Restaurert i 1996.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Hufthamartunet - Hufthamar: Gamalt gardstun som ligg ved ferjekaia på Hufthamar. Den eldste stova er frå 1600-talet. Bygdetunet er ope for omvisning etter avtale på tlf 55 08 10 00. | | | |  | | Nothengjo - Bekkjarvik: Gammal nothengje og barkeri i Bekkjarvik. Den største i sitt slag som er teke vare på her på kysten.
|
|
 |
 |
|
ANDRE AKTIVITETER
|
 |
FJORD- OG FJELLTUREN - Rosendal:
|
|
 |
|
Hesteskyss Rosendal: Kvinnherad hesteskysslag tilbyr hestetransport på gamle vegar til Baroniet Rosendal. | | | |  | | Rosendal putballpark: Putball er ein kombinasjon av fotball og golf. Ein morosam aktivitet for heile familien. Banen har ni hol og ligg i Rosendal sentrum. Tlf: 53 48 12 68 | | | |  | | Sjøfly-helikoptersightseeing: Fonnafly driv med taxiflyging og sightseeingturar. Mellom anna turar over landet sin tredje største isbre, Folgefonna. Tlf. 53 48 03 22/ 917 13 399. | | | |  | | Breturar på Folgefonna: Folgefonni Breførarlag tilbyr daglege turar på breen. Blåisvandring i Juklavassbreen. Pris 490,- inkluderar sko og naudsynt breutstyr. Sundalsvegen - ein historisk turistveg over Folgefonna mellom Sundal og Odda. Pris 300,- inkluderar alt naudsynt breutstyr.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Milja Gård: Den eldste gården i Skånevik, den største i kommunen og en av de mest omfangsrike i regionen. Tilbyr gardsbesøk, husdyr, riding, selskap i hovudhuset, transport til Miljesæter, servering mm. Garden ligg sentralt, rett ved hotellet. Kontakt fjordhotellet, tlf. 53 77 07 00. | | | |  | | Knuten Sjøaktiviteter: Båt og kajakkutleige. Arrangerte kajakkturar med guide. Tlf: 958 71 416/ 53 75 55 06 | | | |  | | Skånevik Naturoppleving: Villmarksleir, lavvo, badestamp, aktivietar. Tlf. 412 52 847. | | | |  | |
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Sunnhordland Ritell: Leiger ut hestar, men er og ein fin stad til å få kontakt med andre dyr. Her finn ein villsvin, høner, esel, kaniner og meir til. | | | |  | | Handelandsdalen : Ligg i mellom Valen og Sandvoll. Vakker dal som er mykje nytta til turar for heile familien. Idyllisk veg langs den stillerennande elva. Godt eigna for barnevogn/rullestol. | | | |  | |
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Kvinnherad golfklubb: Golfbane med 9 hull opna 1.juli 2002. Grønne, innbydande fairways og greenar gjer vakre kontrastar til landskapet rundt. Golfbana er plassert ytst i Hardangerfjorden, berre 300 meter frå Husnes Båthavn. Tlf: 53480379 onsd.-fred. Mobil: 92643379
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Bømlo kulturhus: Kulturhuset ligg på Bremnes midt i sentrum og er ein hyggjeleg møtestad med varierte former for kulturelle opplevingar som f.eks kino og teater. Tlf. 53 42 35 00. | | | |  | | Fjelltur til Siggjo: Fjelltur til eit fantastisk utsiktspunkt, og til eit spanande geologisk område. Fjellsti på 1,8 km - ein del bratte parti. Turen tek om lag 2 timar. Kart kan kjøpast hjå turistinformasjonen. Parkering v/ rv 547. | | | |  | | Fottur til Brandasundsåto: Stien startar ved den gode og lune hamna i Brandasund. Svak stigning på stien, siste del har trappetrinn opp til toppen. Turen tek om lag 1 1/2 time. Kart kan kjøpast hjå turistinformasjon. | | | |  | | Kulturløypa i Mosterhamn: Bli med på ei vandring gjennom kulturløypa i Mosterhamn. Asfaltert veg, litt ulendt sti opp til og ned frå Vetahaugen. Turen tek om lag 1 time. Kart kan kjøpast hjå turistinformasjon.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Hystadmarkjo naturreservat: To kilometer lang merka løype frå Storhaug i sør til Sævarhagsvikjo i nord. Hystadmarkjo er det største området med svartorskog i Nord- Europa. Det finst 16 gravrøyser i området, og ein godt restaurert kolerakyrkjegard. Undervegs vil ein møta mange skilt med opplysningar om fuglar, planter og fornfunn. | | | |  | | Fottur Stordø Kisgruver: Ein interessant fottur gjennom det gamle gruveområdet til Stordø Kisgruver på Litlabø. Turen tek om lag 2 timar og går på grusveg og sti. Bilvandringskart er å få i Kundetorget. | | | |  | | Fjelltur - Kattnakken: Ein spenstig fottur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringplass til toppen: 300 m. Flott utsikt frå toppen i godt ver. Turen tek om lag 1-2 timar, på grusa anleggsveg, alternativt sti. Delvis bratte parti. Turkart kan kjøpast hjå bokhandlarane og i Kundetorget. | | | |  | | Stord golfbane, Prestegarden, Hagatre: Ni hols golfbane par 70, lengde- 4468 meter. Overbygd drivingrange. Servering, klubbhus, pro-shop. Banen ligg på Stord Preste-gard, Hagatre. Innkøyring frå Romme-tveitvegen. Kontakt tlf 53 41 54 51. | | | |  | | Stord Putballpark: Putball er ein kombinasjon av fotball og golf. Kontakt golfbutikken for utlevering av ballar og scorekort. Elles ring 906 93 303. | | | |  | | Stord Kulturhus: Her er bibliotek, to kinosalar, turistinformasjon, konsertarena og kunsthall, symjebasseng, vassklie og stupetårn. Sommarope. Informasjon på tlf. 53 49 69 50, www.stord.kulturhus.no | | | |  | | Smedholmen K/N og seglfartøyet Seladon: Seglturar med Seladon, 60 fot. For bedrifter, private grupper og skuleklassar. Opplev ein eventyrleg seglas i vakker natur frå dei ytste øyar til fjordar, brear og fjell. www.smedholmen.com smedholmen@haugnett.no Tlf 908 948 57 / 900 483 11. | | | |  | | Kulturvandring – Fitjar: Turen går innom Håkonarparken, Kongsbrønnen, Rimsvarden kulturminner i Fitjar sentrum. Asfaltert bygdeveg/litt sti. Turen tek om lag 1 time. Kart (bilvandringskart) kan kjøpast hjå turistinformasjonen og overnattingsstader. | | | |  | | Turstiar: Fitjar har ein fjellheim som er lett tilgjengeleg. Ein får kjøpa turkart på turistinformasjonen. Ein flott tur til fjells er den nye vegen til Svartavatnet.
|
|
 |
|
|
|
 |
|
Nordsjøløyper: Nordsjøløypa på Storekalsøy er ein kultursti i praktfullt kulturlandskap ut mot Skansen, eit naturleg amfi ut mot storhavet og Marsteinen. | | | |  | | Nordsjøløyper på Selbjørn:Austevegen er ein vandringssti på austsida av Selbjørn, med utgangspunkt i Bekkjarvik. Vestvegen er ein vandringssti frå Stolmabrua til Gauksheim. | | | |  | | Nordsjøløype på Stolmen: Løypa følgjer gamlevegen frå Kvalvåg til Våge. Her er avstikkarar til “Såta” som er det høgaste punktet på Stolmen. Kontakt turistinformasjonen for kart over løypene tlf 55 08 18 10/55 08 10 00. | | | |  | | Utleige av fiskestenger: Egersund Rabben avd. Bekkjarvik, tlf: 55 08 85 10 | | | |  | | Riding: Austevoll Ridesenter, tlf: 99 79 27 62 | | | |  | | Padling: Havstril padleklubb, tlf: 98 87 42 53 | | | |  | | Øyhopping: Du kan nytta lokalbåten M/S Tedno til øyhopping i den flotte- austevollsnaturen. Avgong fleire gongar for dagen mellom Bekkjarvik, Lundøy, Litlakalsøy, Møkster, Sandtorv og Hufthamar. Rutetider www.tide.no | | | |  | | Bekkjarvik Galleri: Galleri med utstilling av ein rekke kreative kunstnere. Tlf. 55 08 42 40/932 45 075.
|
|
 |
|
|
|
 |